Nyheter | Nytt fra Radio Sunnhordland
 
Årets nynorskkommune

Stord Kommune kan verta årets nynorskkommune!

På den aller siste dagen før prisen vert delt ut ligg det godt ann for Stord Kommune som er ein av to kommunar som framleis kjempar om å bli årets nynorskkommune. Me tok ein preik med ordførar Liv Kari Eskeland dagen før dagen.

Liv Kari Eskeland1

Det er heider og ære det hovudsakleg står på når Stord Kommune kjempar mot Fjell Kommune om å verta årets nynorskkommune. I tillegg til dette ligg det og 100.000 kroner som vert avlevert til vinnaren.

 

Høyr intervju med Liv Kari Eskeland som er Ordførar i Stord Kommune

Det heile starta då Magnhild Meltveit Kleppa, som er kommunal- og regionalminister, lanserte ein splittar ny pris. Det var først 11 søkjarar om å verta årets nynorskkommune. No er det berre to igjen som sagt. Og i morgon vert det heile avgjort.

 

I vurderinga av kandidatane til nynorskprisen legg juryen vekt på:

  • - Kommunal informasjon/heimeside
  • - Kommunale planar og målbruksplanar
  • - Om kommunen er under press når det gjeld bruk av nynorsk
  • - Om kommunen brukar nynorsk aktivt i eige kulturarbeid og i støtte til kulturarbeid
  • - Aktiv bruk av nynorsk i barnehagar og skular og arbeid for barn og unge generelt
  • - Om kommunen har tiltak for kvalitetssikring av det materiale som blir produsert
  • - Bruk av nynorsk i omdømmearbeid

 

Adrian Særsten - 31.oktober 2009 kl 11:00:00

31.08.2009 10:46:08
Adrian Særsten
Radio Sunnhordland - 
, Ringv. 44 Heiane, 5406 Stord
 - TLF: 53 42 15 98